Interaktiv kulturformidling i kulturkjellaren laurdag 22. mars

Under bolig og fritidsmessa inviterer vi deg til å vere med på interaktiv kulturformidling. Her kan du lage din eigen steikespade dekorert med kolrosing, ditt eige flatbrød, samt teste rokken.

Stryn Husflidslag:
Kolrosing: Maria Roset Sølvberg lærer deg kolrosing, du dekorerer skaftet på ein steikespade i tre som du får med deg heim.
Bunadsband: Janna Mûller viser fram bunadsveven sin, og demonstrerer korleis ho lagar bunadsband og sokkeband.
Rokken: Solrun Sunde viser deg korleis ein spinne rokken og karde ull. Her kan du få teste rokken og kardemaskin og kjenne på ulike ullsortar.

Loen og Rake Bygdekvinnelag:
Her kan du få lære korleis ein lagar flatbrød og vere med på utkjevling og steiking.

Tradisjonsfilmar frå Nasjonalbiblioteket:
Det vil bli vist filmar som viser tradisjonelle og litt gløymt handverk, klassiske arbeidsmetodar og praktiske gjeremål i hus og heim. Tradisjonshandverk er kunnskap som sit i hendene.

Velkomen i kulturhuskjellaren laurdag 22. mars frå kl 11 til 16!