Kartlegging av naturtypar i Vestland 2023
Sommaren og hausten 2023 blir det gjennomført naturkartlegging i delar av Stryn, Fitjar, Luster, Sogndal, Stad, og Øygarden kommunar. Kartlegginga er ein del av ei nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur og ta betre vare på arts- og naturmangfaldet.
Kartlegging i Vestland i 2023
Det skal kartleggast område i seks kommunar i Vestland i 2023.
Kommune
|
Område som skal kartleggast
|
Stryn |
Eit område på nordsida av Nordfjorden, frå Hennebygda i Stad kommune i vest til Faleide i aust
|
|
Fitjar |
Frå Fitjarvika i nord til Sjåbuholmen/Straumholmen i sør, og frå Kråko i vest til Sæterbø i aust.
|
Luster |
Eit område rundt Gaupne
Eit område rundt Hafslovatnet (omfattar også eit område i Sogndal kommune, nord for Årøy)
|
Stad |
Hjelmelandsdalen
Eit område frå Hennebygda til kommunegrense mot Stryn
|
Øygarden |
Sotra nord: Frå Ågotnes i nord til Telavåg, Trengereid og Haganes i sør, og frå Algrøyna i vest til sørlege del av Litlesotra.
|
Resultata frå kartlegginga vil etter kvart bli allment tilgjengelege i Naturbase våren 2024.
Meir informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland
Sist endra 15.05.2023 15.33