Kokepåbodet Solvik-Rake-Marsåvika-Ugla
Det er oppdaga bakteriar i første oppfølgingsprøva etter kokepåbodet som vart iverksett torsdag 28. mai 2026. Kommunen arbeider med å lokalisere og fjerne ureininga. Vi minner om at det må vere to reine oppfølgingsprøver før kokepåbodet kan opphevast. Alt vatn som skal drikkast må difor kokast inntil kommunen gjev ny beskjed. Påbodet gjeld abonnentar i områda Solvik-Rake-Marsåvika-Ugla.
Sist endra 01.06.2026 10.26