Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder søknadspott kr 654.268

Støtteordninga er for verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale, strenge smitteverntiltak i samband med Covid-19, og som har heilt eller delvis falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Søknadsfrist 7. april.

Slutthandsaming i formannskapet 6. mai 2021.

Midlane skal særleg rettast mot:
- støtte som kompenserer lokale verksemders kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og stenging
- støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar
- støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021

Krav til søknad:
Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følge av smitteverntiltak og stenging, inkludert erklæring frå rekneskapsførar/revisor, så som: 

• tapte inntekter knytt til nedstenging i høve til offentlege smittevernkrav
• ekstra kostnader til smitteverntiltak
• andre kostnader  

Søknaden må vidare gje informasjon om kva anna offentleg støtte foretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i.

Merk: Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentlegheitslova.

Slik ser søknaden ut (demo)

Søknader sendast inn via www.regionalforvaltning.no. 


Kontaktperson i Stryn kommune: Eivind Hopland mobil 908 61 126 eller eivind.hopland@stryn.kommune.no