Kommunalsjef helse og sosial Heidi Vederhus går over i ny stilling.

Heidi blir frå 1.nov stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus, Helse Førde

kommunalsjef helse og sosial Heidi Vederhus

Tida i Stryn kommune har vore ein spennande og lærerik periode.  Det er med tungt hjarte eg om nokre månader forlet ein organisasjon med så mange dyktige tilsette, og ein jobb eg trivast godt i. Valet har difor ikkje vore enkelt. I mi yrkeskarriere har eg alltid jobba i kommunal sektor. No kom moglegheita til å jobbe med noko anna, men framleis innanfor mitt fagfelt og interesseområde. Den nye jobbe vil gje meg nye utfordringar og ein anna kvardag, men framleis vil det aller viktigaste vere å skape gode helsetenester til innbyggjarane våre. 
Ein viktig del av den nye jobben vil vere samarbeid med kommunane, med særskilt fokus på utvikling av tenestetilbodet ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid. Her vert arbeidserfaringa mi frå kommunen god å ha med seg. I tillegg vil oppgåvene vere å koordinere og integrere tenestene ved Nordfjord lokalsjuke i eit samla tilbod ilag med sentralsjukehuset i Førde og lokalsjukehuset i Lærdal. Stillinga mi vil vere nært knytt opp til utviklingsavdelinga i Helse Førde. Eg får dermed vere med i eit spennande og utfordrande utviklingsarbeid i helseføretaket vårt. 


Heidi Vederhus

 

"Eg synest det er synd at Heidi no vel å slutte i Stryn Kommune. Ho har leia etaten på ein god måte og har fått utretta mykje i ei krevjande tid. Heidi har helde meg godt orientert om situasjonen rundt valet av ny jobb. Eg har samtidig forståing og respekt for det valet Heidi har gjort." seier Jon B. Nesje, kommunedirektør.