Kommunedirektøren om koronasituasjonen, sommarturisme og byggjesaker

Hilde Lødøen informerte i formannskapet torsdag 6. mai om koronasituasjonen, sommarturisme og kom med fakta rundt antal byggjesaker behandla i Stryn. Aldersgruppa 65-74 år blir ferdig vaksinert denne veka. Vi begynner så med moderat risikogruppe under 65. Det vart diskutert rundt løysingar når det gjeld handtering av turistsesongen 2021. Kommunedirektøren set fokus på tre punkt som er viktige for Stryn kommune: 
• Kommunen må følgje lover og reglar
• Det er viktig med likebehandling
• Vi må vere ein open og transparent kommune

Høyr kommunedirektøren på KommuneTV

Konstituert kommunedirektør i Stryn, Hilde Lødøen, nytta høvet i formannskapet til å ta eigne tilsette i forsvar, etter fokuset som har vore retta mot sakshandsaminga i byggjesak dei siste vekene.

-Det er mi plikt å få fram fakta. Vi har motteke dei offisielle KOSTRA-tala over kor mange saker som har vore handsama. I 2020 var det i Stryn kommune 239 saker. Til samanlikning var dette 130 i Stad kommune, sa Lødøen, og meinte administrasjonen ikkje er dimensjonert for å ta unna ei slik saksmengd.