Kommunen ønskjer å feire alle nyfødde, gjev varm gåve
Stryn kommune har, frå nyttår 2025, gleda av å gje eit vakkert ullpledd til alle nyfødde born i kommunen. Gåva er eit signal om at kommunen ønsker nye stryningar hjarteleg velkomne. Babypleddet er produsert i norsk kvalitetsull, lokalt av Innvik AS. Stryn kommune ønskjer med dette å gjere ekstra stas på dei som gjer ein innsats for folketalet.
Første babypledd vart delt ut til nyttårsbarnet 2025: Barnet heiter Anton Leivdal Hilde og vart fødd kl. 19.42 den 1. januar 2025. Dei stolte foreldra er frå Innvik og heiter Anne-Grete Eikenes Hilde og Anders Leivdal. Ordførar i Stryn kommune Per Kjøllesdal (t.v.) leiande helsesjukepleiar Hilde Nordli Løvik og jordmor Anne Karin Andresen (t.h.).
Stryn kommune
Babyteppet, levert i ei flott ullveske, har eit unikt mønster med åttebladroser, designa av Saga Nilsson hos Innvik AS. Den turkise og grøne fargen i pleddet er spesiell for Stryn og Nordfjord. Fargane går att både i pledd og veske. Ullpleddet kombinerer tradisjonelt handverk, førsteklasses materiale og tidlaus komfort. Babypleddet er laga for å gi varme og glede i mange år framover.
Ullstoff produsert lokalt av Innvik AS
- Vi i familiebedrifta Innvik AS er svært glade for forespørselen om å produsere babypledd for Stryn kommune, seier dagleg leiar i Innvik AS, Bjørn Aage Haugen. Innvik har lange og stolte tradisjoner med norsk ull der vi kombinerer moderne teknologi med berekraftig produksjon. Vi er stolte av å ha utvikla og produsert babyteppet, saman med Stryn kommune og Gjensyn systove.
Innvik AS
Gjensyn systove har fokus på gjenbruk og integrering. Frå venstre dagleg leiar Anndi Bergset og Viktorija Nikiforavice.
Stryn kommune
Gjensyn systove - fokus på gjenbruk og integrering
Pleddet vert levert i vesker laga av restestoff frå Innvik sin ordinære produksjon, designa og sydd av systova Gjensyn. Dette er eit flott døme på berekraftig, lokalt samarbeid mellom Stryn kommune, Innvik AS og Gjensyn.
Sist endra 14.01.2025 12.40