Kommuneplanen sin samfunnsdel godkjent av Stryn kommunestyre

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2024-2035 F A G R E S T R Y N 2 . 0 vart vedteken av kommunestyret 31.10.24. Kommuneplanen seier noko om korleis kommunen skal utvikle seg, og er det overordna styringsverktøyet for kommunen.

Bilde av Fagre Stryn 2.0 - Klikk for stort bilete


Samfunnsdelen legg føringar for all planlegging som skal føregå i kommunen dei komande åra, og syner ønska retning på utviklinga i Stryn kommune. Samfunnsdelen består av mål for samfunnet som heilskap, mål for kommunen som organisasjon og ein arealstrategi som syner dei overordna prinsippa for framtidig arealutvikling.


Fagre Stryn 2.0 samfunnsdelen som pdf-fil (PDF, 5 MB)

 

Fagre Stryn 2.0 samfunnsdelen i Framsikt