Kommunestyret har i dag tilsett Jon B. Nesje som kommunedirektør i Stryn kommune

Jon er  61 år og er frå Stryn. Han har tre vaksne born og er gift med Karin Erdal Nesje. Dei dei bur på gard i Erdalen i Oppstryn. Saman driv dei også Grande Camping.

Jon er utdanna diplomøkonom frå BI og har teke leiarutdanning ved NHH ved sida av jobben.

Gjennom ein lang yrkeskarriere har Jon jobba i privat næringsliv som leiar i ulike bedrifter og bransjar. I tillegg til jobben har han også hatt styreverv i fleire bedrifter.

Som kommunedirektør vil Jon B. Nesje få det øvste ansvaret for den daglege drifta av Stryn kommune.
•    Kommunedirektøren er overordna administrativ leiar for drifta og menneska i organisasjonen Stryn kommune
•    Kommunedirektøren har ansvar for at kommunen har ein god økonomiske situasjon og skal sikre forsvarleg økonomisk drift for framtida i samarbeid med dei folkevalde
•    Kommunedirektøren skal utvikle gode relasjonar mellom politikk og administrasjon, tilsette og innbyggarane
•    Kommunedirektøren skal samarbeide godt med nærings- og organisasjonslivet i kommunen
•    Kommunedirektøren skal leggje til rette for at partssamarbeidet med dei tilsette sine representantar fungerer godt
•    Kommunedirektøren har overordna leiing av utviklingsprosjekt og skal sikre vidareutvikling av organisasjonen
•    Kommunedirektøren skal representere kommunen internt og eksternt 
•    Kommunedirektøren skal utøve krise- og beredskapsleiing i samarbeid med ordførar

Den nye kommunedirektøren ;Jon B. Nesje tek til i stillinga 15.august 2021.  

Vi ønskjer den nye kommunedirektøren velkomen som øvste leiar for over 850 tilsette i kommunen, og gleder oss til å ta fatt på samarbeidet.