Korleis står det til med folkehelsa i Stryn?

Stryn kommune. Amund Hjelle

 

 

20. april går startskotet for Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022. Undersøkinga vil gje Stryn kommune ny og unik lokalkunnskap om korleis innbyggjarane våre har det. Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. I kommunar med færre enn 2000 vaksne innbyggjarar vil alle som ikkje har reservert seg få invitasjon til å delta. Undersøkinga vil gje Stryn kommune verdifull informasjon om korleis innbyggjarane har det.

Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Stryn kommune, og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

- Mange svar gjev gode data. Etter to år med pandemi er det særleg viktig å få oversikt over korleis innbyggarane våre har det, seier folkehelserådgjevar i Stryn kommune, Jannike Sunde. 

Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort:
To på kr 2500 og ti på kr 1000.  Gåvekorta er gyldige i fem år. 

 

For meir informasjon og lenke til undersøkinga klikk her

Kontaktinformasjon frå 20. april: folkehelse@vlfk.no tlf.: 51 20 71 50.