Koronavaksine dose 3

Det er no opna for at enkelte grupper kan få dose 3 med vaksine. Dette gjeld alle over 65 år, samt personar over 18 år som er immunsupprimert grunna sjukdom eller medisinbruk sjå full liste her. For personar som er immunsupprimert må det gå 4 veker mellom dose 2 og dose 3. For personar over 65 år som ikkje er immunsupprimert, må det gå 6 månader mellom dose 2 og dose 3. 

Når vaksinerer vi?

Alle som skal ha dose 3 kan møte opp til drop-in vaksinering enten i Stryn eller Innvik:

Stryn kulturhus
Måndag 8/11: 12.00 - 17.30
Tysdag 16/11: 09.00 - 14.00
Onsdag 17/11: 11.00 - 17.00
Torsdag 25/11: 09.00 - 14.00

IMI Innvik Fjordhotell
Onsdag 10/11: 09.00 - 14.00
Tysdag 23/11:  09.00 - 14.00

Vi held fram i desember, desse tidene blir offentliggjort i slutten av november.