Koronavius - beredskapstelefon

Stryn kommune har oppretta eigen smitteberedskapstelefon på 57 87 49 29.

Beredskapstelefonen held stengt i påska frå 8.april kl 12:00, og opnar igjen 14.april kl 09:00

Telefonen er open for:

  • Dei som trur dei kan vere smitta av korona-virus
  • Dei som har luftvegssymptom og treng legevurdering

Personar som treng legehjelp av andre årsaker må ringe legevakta 116117 på ordinær måte.

Smittevernlegen presiserer at ein bør tenke seg om og unngå å samlast i større eller mindre grupper de neste dagene. Dette er viktig for at tiltaka som er innført skal ha effekt, og det gjeld alle aldrar. Dei som har luftvegssymptom skal vere heime og unngå nærkontakt med dei rundt seg. Ta kontakt med lege ved behov.

 

Råd og rettleiing til dei som er karantene og isolasjon.