Køyr trygt på norgesferie
Den nye nettsida til Statens vegvesen gir deg svar på det du måtte lure på som turist på norske vegar. Planlegg ruta, gjer deg kjend med trafikkreglane og køyr trygt på norgesferie.
Nettsida vegvesen.no/turist finst både på norsk og engelsk, og sida gjev informasjon som ivaretek trafikktryggleiken. Der står òg mykje nyttig for bubil- og campingturistar. Dei viktigaste trafikkreglane, korleis ein køyrer trygt med bubil og campingvogn, informasjon om veg- og køyreforhold, bompengar, fartsgrenser og korleis ein kjem seg trygt fram på motorsykkel og sykkel – er tema du finn på Vegvesenet si nye turistside.
Last ned trafikk-appen
Besøk vegvesen.no/trafikk eller last ned trafikk-appen. I appen kan du setje opp varslingar, sjekke køyreforhold på webkamera og status på fjellovergangar, finne rasteplassar, sjå vêrutsatte og stengde vegar, og mykje anna nyttig trafikkinformasjon.
Sist endra 01.07.2025 15.05