Kulturminnedagane 2020: Lære, bruke, bære

Kulturminnedagane er Norges største historie- og kulturarvsfestival med 300 arrangement og 70.000 besøkande rundt om i landet kvart år. I 2020 vert Kulturminnedagane markert 5. – 13. september.

Kulturminnedagane vert arrangert av frivillege lag, foreiningar, museum, kommunar, private eigarar av kulturminner og andre som ønskjer å formidle kulturarven. Alle kan bli med på markeringa!

Les meir om kva Kulturminnedagene er og meld på arrangementet ditt her. Du får informasjon om korleis du kan bli med som arrangør og ein oversikt over alle registrerte arrangement.

Bli med på å formidle kulturarv og historie gjennom Kulturminnedagane og årets tema som er

«LÆRE, BRUKE, BÆRE»

Les meir om årets tema her

 

Har du spørsmål til registreringa, kan du kontakte Kulturvernforbundet sitt sekretariat post@kulturvern.no
 
Lukke til med årets arrangement!