Kulturnatt i Stryn fredag 13. november

Endring av kommune- og fylkesgrenser, og ikkje minst korona, gjer at  vi ikkje vil oppleve Kulturnatt i si tradisjonelle form når denne går av stabelen 13. november 2020,  men vi ønskjer likevel å skape ein arena for det rike og varierte kulturlivet som vi har i kommunen.

Vi oppfordrar alle som ønskjer å vise fram si interesse eller produkt, som kan relatere til kultur, å kome med bidrag til årets kulturnatt. 13. november er elevfri dag i skulane i kommunen, så det er høve for å ha aktivitet som engasjerer born, unge og føresette som har anledning på dagtid.

Av omsyn til smittevern oppfordrar vi til å tenkje nye og kreative måtar ein kan vise fram kulturlivet på, og å tenkje mange «små» arenaer. Vi ønskjer også at bygdene utanfor Stryn sentrum bidreg med scener/ utstilling/ arrangement.

Frå Stryn kommune si side vert det eit arrangement på biblioteket i høve 225 års jubileum og eit musikkarrangement i Kulturhuset.