Kulturpris og ungdommens kulturstipend for 2021

Kulturprisen for 2021 gjekk til Marie-Johanne Folven. Prisen er ein heider og takk til ei som har utført verdfullt og oppofrande kulturarbeid i kommunen. Ungdommens kulturstipend for 2021 gjekk til Maren Hjelmeset Kirkeeide for flott innsats i skiskyting og langrenn.

Leiar i skule og kulturutvalet Kari Synnøve Muri (t. v.) overrekte diplom og skulptur til vinnar av Kulturprisen for 2021 Marie-Johanne Folven. Foto. - Klikk for stort bileteLeiar i skule og kulturutvalet Kari Synnøve Muri (t. v.) overrekte diplom og skulptur til vinnar av Kulturprisen for 2021 Marie-Johanne Folven. Unni Skåre

    

 

Vinnaren av kulturprisen Marie-Johanne Folven har vore og er framleis svært aktiv med i det som skjer i heimbygda Oppstryn, med eit engasjement som spenner vidt. Ho har ei eineståande evne til å engasjere og få med seg folk i alle aldrar i dei aktivitetane ho engasjerer seg i. Og engasjementet er stort og breitt, det femner mange ulike kulturuttrykk, noko som gjev bilete av ein svært allsidig person.

Song og kor
Marie-Johanne har vore initiativtakar og dirigent  for barnekor, blandakor og damekor. Ho  har gått rundt i bygda og gjort opptak av gamle folkeviser  før desse gjekk i gløymeboka. Ho er sjølv med og vidareformidler denne kulturarven ved å framføre desse folkevisene i ulike samanhengar der bygdefolket  er samla.

Historier, bilde, ord og uttrykk
Marie-Johanne har samla inn lokale historier, bilete, ord og uttrykk. Desse er trykt opp/ digitalisert og dermed gjort tilgjengeleg for ettertida.

Bygningar og forsamlingshus
Folven er oppteken av å haIde  liv i forsamlingshusa i bygda og har synt  stort  engasjement  for Betel i Hjelledalen og Gamleskulen i Erdalen, der mange dugnadstimar har vore lagt ned. Ekstra stor innsats har det nok vore med jobben for å ivareta fjellgarden Segestad -  tusenårsstaden i Stryn kommune. I ein tidlegare periode jobba ho og aktivt for å haIde Gamlekulen i Grov ved like, då var der messingstøyperi.

Naturformidling
Marie-Johanne har ivra sterk for å etablere Bombeneset som ein stad for formidling av natur- og kulturhistorie til skuleborna. Ho har og vore med på å lage naturstiar, og mellom anna på Greidung finn ein informasjonstavler samt  fint  dekorert rasteplass for folk som er på tur. Ho har rydda langs stiar og vegar slik at  utsiktspunkt ikkje gror att.

Andre kulturaktivitetar
Prisvinnaren er aktivt engasjert i det kyrkjelege arbeidet: dei siste åra mest som leiar i søndagsskule og Eldre si hyggestund. I tillegg kan vi og nemne Bygdekvinnelag og Barneteater.

Med eit slikt engasjement, er det heilt sikkert noko vi ikkje har fått med, men lat oss likevel konkludere: Prisvinnaren har lagt ned ein enorm innsats for kulturlivet – eit dugnadsbasert arbeid langt utover det vanlege. Gjennom engasjementet og ei inkluderande grunnhaldning er ho til stor inspirasjon for andre til å gjere ein innsats for kulturlivet.

Retningsliner for tildeling av kulturpris i Stryn kommune (PDF, 339 kB)
 

 

Leiar i skule og kulturutvalet Kari Synnøve Muri overrekte diplom og stipend på kr 20 000 til Maren Hjelmeset Kirkeeide. Foto. - Klikk for stort bileteLeiar i skule og kulturutvalet Kari Synnøve Muri overrekte diplom og stipend på kr 20 000 til Maren Hjelmeset Kirkeeide. Unni Skåre

  

 

Opp gjennom åra har Markane IL hatt mange gode utøvarar innan skiskyting og langrenn.

Stipendvinnaren Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL og Stryn er no ein av dei hardtsatsande utøvarane i klubben, og som no syner at ho har klart å ta eit steg vidare i satsinga si.

Maren starta på Landslinja i skiskyting ved Stryn vgs i 2019, og overgangen til juniorklassen og meir seriøs trening har ho takla godt. Ho blir omtala som dedikert i treningsarbeidet, og ei som jobbar målretta. Resultata vinteren (19/20) var svært gode, med fleire pallplasseringar i norgescupen i skiskyting. NM gull i normaldistansen då denne vart arrangert som NMdistanse under eit norgescuprenn på Dombås

I fjorårssesongen som var sterkt prega av pandemi, klarte ho å halde fram utviklinga på ein veldig positiv måte. Det vart arrangert Landsdelmesterskap/Vestlandsmesterskap på Voss der Maren vann og vart Vestlandsmeister både i sprint og normal.

I sommar/haust vart det arrangert norgescup i rulleskiskyting der Maren har konkurrert i klasse Kvinner 19 år, og fekk ei rad pallplasseringar. Det vart GullSamanlagt i NC rulleskiskyting og 1pl Lerøy sommercup. Og mykje tyder på at denne sesongen held fram i same retning. Vi såg det sist helg – i norgescuprenn i skiskyting på Lygna, der ho tok ein suveren siger i det eine rennet, i tillegg til ein 5.-plass.

Men Maren tenkjer ikkje berre på eigen karriere: Utanom dei sportslege prestasjonane har ho i tillegg vore ein viktig bidragsytar til miljøet i Markane IL og Nordfjord Team skiskyting. Maren er ei positiv jente, og har alltid synt stor treningsglede.

Både lokalt og på krinssamlingar tek ho ansvar som trenar og inspirator for utøvarar i yngre årsklassar. Ho står fram som eit forbilete, og som ein god ambassadør for idretten.

 

Retningsliner for tildeling av ungdommens kulturstipend i Stryn kommune (PDF, 341 kB)