Kulturpris og ungdommens kulturstipend for 2022

Kulturprisen i Stryn kommune gjekk i år til Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk. Prisen er ein heider og takk til ei stifting som har utført verdfullt og oppofrande kulturarbeid i kommunen. Ungdommens kulturstipend for 2022 gjekk til Emilie Flo Stavik for lovande utvikling og framtid innan skiskyting og langrenn.

Kulturprisen 2022 gjekk til Stiftinga Innvik Gamle Ullvarefabrikk: Her ser vi frå venstre ordførar Per Kjøllesdal, styremedlemmane i stiftinga Jostein By med kulturprisen, Britt Lyslo Bøe, Bjørn Tisthamar og Per Ove Reme med diplomet, leiar i skule- og kulturutvalet Kari Synnøve Muri til høgre. Anna Bringsvor Egedahl

Kulturprisen 2022 gjekk til Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk

Vinnaren av kulturprisen, Stiftinga Innvik Gamle Ullvarefabrikk, har gjennom mange år arbeidd for å ta vare på og sikre eit av kommunen sine viktigaste kulturminne. Gamlefabrikken stod lenge utan vedlikehald før nokon tok initiativet til å restaurere.

Stiftinga har sidan 1991 drive omfattande restaureringsarbeid på frivillig basis. Heile 1400 glasruter er skifta og taket er reparert. Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk står bak restaureringa. Her står framleis mange av maskinene som vart brukte fram til 1971. Svært mange dugnadstimar og frivillig arbeid frå stiftinga/frivillige ser ein resultatet av i dag. Sidan stiftinga var etablert har det vore arbeidd kontinuerleg med å restaurere bygget. Fleire delar av bygget er no fullført, m.a. kulturscene, handikaptoalett, nytt kjøkken, og restaureringa av "kraftstasjonbygget" (100 år gamalt tilbygg til hovudbygget). Det er og lagt ned mykje tid og arbeid i gode søknader som har gjeve resultat og midlar til gjennomføring av dei ulike prosjekta. Det siste året har stiftinga stått bak restaurering av aust- og sørveggen på fabrikken. Eit prosjekt som har hatt ein prislapp på kr 2 000 000. Søknader er blitt sendt og tilskot frå m.a. Kulturminnefondet og Bergensfondet har gjort restaureringsarbeidet på bygget mogleg. Vedlikehaldsarbeid/rehabilitering av gamlefabrikken er og vil vere eit fortløpande prosjekt som alltid vil trenge gode hjelparar av frivillig arbeid.

Stiftinga har lagt ned ein enorm innsats for å bevare og restaurere bygget, samt med å skape ein god arena og sosial møteplass for lokal, regional og nasjonal kunst og kultur i Innvik gamle Ullvarefabrikk. I dag framstår dette viktige kulturminnet i Innvik som eit praktbygg og ein arena for kunst, kultur og kunnskap - takka vere lokale eldsjeler som har stått på for gamlefabrikken i over 30 år.  

Prisvinnaren har lagt ned ein enorm innsats for kulturlivet – eit dugnadsbasert arbeid langt utover det vanlege. 

Kulturprisen er ein flott skulptur i bronse laga av kunstnaren Jøran Flo, samt eit diplom. 

 

Kulturstipendet for 2022 gjekk til Emilie Flo Stavik

Emilie Flo Stavik fekk årets kulturstipend på kr 20.000,- for god innsats i skiskyting og langrenn. Emil Sørgård

Opp gjennom åra har Markane IL bidrege til å utvikle mange gode utøvarar innan skiskyting og langrenn.

Ungdommens kulturstipendvinnar i 2022, Emilie Flo Stavik, frå Markane IL er ein av dei hardtsatsande utøvarane i klubben. Ho har vist at hardt arbeid løner seg og dei siste åra har ho tatt store sportslege steg og har hevda seg både nasjonalt og internasjonalt.

Prisvinnaren har utmerka seg gjennom 3 år på landslinja på Stryn VGS med stor treningsiver og pågangsmot. I fjor vinter vant ho eit Norgescup-renn og tok sølvmedalje i junior NM sprint. Ho var og med på laget som tok bronse på junior NM-stafett i skiskyting. Ho fekk som resultat av prestasjonane ein plass til Junior-VM i USA der ho vart beste norske jente på Normaldistansen i ungdomsklassen. Desse resultata førte til at ho i vår vart teken inn på U-23 landslaget i skiskyting. I tillegg til å vere i toppen i skiskyting tok Emilie bronse i sprint i junior-NM i langrenn. Emilie bur for tida på Lillehammer for å satse vidare. Ho har i sesongopninga i Norgescupen for senior på Geilo i år hevda seg med ein sterk 9. plass på fellesstarten.

Ungdommens kulturstipend er på kr 20 000,- samt eit diplom. 

Vi gler oss til å følgje utviklinga til Emilie Flo Stavik vidare og ønskjer henne lukke til med sesongen!

 

 

Retningsliner for tildeling av kulturpris i Stryn kommune (PDF, 339 kB)


Retningsliner for tildeling av kulturstipend i Stryn kommune  (PDF, 341 kB)