Kulturpris og ungdommens kulturstipend

Kulturprisen går i år til folkemusikar Svein Nesje. Prisen er ein heider og takk til ein som har utført eit verdfullt og oppofrande kulturarbeid i kommunen. Ungdommens kulturstipend går til Mathias Melheim for god innsats innan friidrett.

 

 

 

 

Svein Nesje (83) har lagt ned eit stort kulturarbeid, både som utøvar og som organisator. Han har vore engasjert medlem og pådrivar innan både korpsmusikk, orkester, folkemusikk og mannskorrørsla. og har vore sterkt engasjert i dokumentasjon, m. a. gjennom sitt store arbeid med notesamlinga etter Rolf Myklebust. Han har også vore ein engasjert dugnadsarbeidar i fleire lag og organisasjonar, frå historielag til luftsportsklubb. 

Svein Nesje har vore musikar frå unge år. I tillegg til fele og hardingfele spelar han også klarinett og var klarinettist både i Stryn musikklag og Stryn strykeorkester og medlem i det legendariske Stryn mannskor. 

Nesje har engasjert seg mykje i lokalhistorisk dokumentasjon. Mellom anna har han hatt eit stort engasjement for musikkarven etter Per Bolstad og Rolf Myklebust og vore ein svært viktig faktor for at desse namna for alltid vil vere knytte til Stryn og den musikalske arven herfrå. Han la ned eit stort arbeid i samband med utgjevinga av notesamlinga til Rolf Myklebust, som har vorte ein av grunnpilarane; i tradisjonsmusikken i distriktet. Han har vore ein sentral musikar i Bolstadensemblet og har også vore medverkande til utgjevinga av dobbelt-CDen Alfred Maurstad, nominert til Folkelarmprisen.

Som folkemusikar har han berga mange slåttar frå å forsvinne ved å ta vare på ukjent notestoff frå handskrivne samlingar. Han har også notert ned og arrangert mykje lokal musikk. Som solospelemann kan han blant anna vise til klassesiger i klasse B på Vestlandskappleiken.

Svein Nesje har stått i bresjen for fleire store kulturarrangement i Stryn, som til dømes Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Han har også vore ein sentral musikar i kjende folkemusikkgrupper som Firdakvartetten, Bolstadensemblet og Honndalsmusikken, og har m. a. fått Folkelarmprisen i klassen for tradisjonelt samspel med sistnemnde. Han er også tildelt Folkemusikkprisen for sitt store engasjement og arbeid.

Retningsliner for tildeling av kulturpris i Stryn kommune (PDF, 339 kB)

 

Mathias Melheim (19) har vore aktiv i friidrett i mange år, og har kule og diskos som sine hovudgreiner. Han har hevda seg godt både nasjonalt og internasjonalt dei siste åra, med unnatak av 2017 sesongen som vart spolert av skade. 

I 2015 vart han nr 4 i kule i VU spelen i Gøteborg, same år tok han UM sølv i Lillestrøm. I 2016 vann han UM gull i kule i Sandnes. 2018 sesongen starta med UM-gull i kule innandørs i Steinkjer. I juni vann han gull i kule på VU spelen i Gøteborg. Seinare på sommaren vart han norgesmeister for junior i same øving på Bislett. På UM i Overhalla gjentok han det same og vann gull i kule, i tillegg tok han sølv i diskos. 

Dei to siste åra har han vare ein del av rekrutteringslandslaget i friidrett, og han var i 2018 utteken til å representere Norge i nordisk juniorlandskamp i friidrett i Danmark, men måtte melde forfall pga sjukdom. No har han teke eit friår frå skule for å satse meir på idretten. Eit stipend ville vare både kjærkome og motiverande i ein slik situasjon. 

 

Retningsliner for tildeling av ungdommens kulturstipend i Stryn kommune (PDF, 341 kB)