Kulturpris til Liatunet og kulturstipend til skiskyttar

Årets kulturpris i Stryn kommune er tildelt styret og eldsjelene bak Stiftinga Liatunet i Innvik. Dei fekk prisen for arbeidet med å bevare det gamle gardstunet, og halde kulturarven levande og tilgjengeleg. Ungdomens kulturstipend 2024 på 20.000 kroner gjekk til til Simon Hjelmeset Kirkeeide for å stimulere til vidare satsing innan skiskyting.

Prisen vart høgtidleg kunngjort i kulturhuset torsdag ettermiddag, rett før julemiddagen til kommunestyret og tilsette i administrasjonen i kommunen. 

Til stades var avdelingsleiar for kultur, Ingrid Heieren Sølvberg og leiar for utval for Samfunnsutvikling, Arnljot Sæternes. Dei delte ut prisen og gratulerte styremedlemmer i Stiftinga Liatunet.

Kulturstipendet frå Stryn kommune vart kunngjort utan at mottakaren hadde høve til å vere til stades. Ei overrekking vil finne stad ved eit seinare høve, når stryningen er i heimbygda, fortalde leiar for utval for Samfunnsutvikling, Arnljot Sæternes.

 

Kulturprisen 2024 til eldsjeler og styret i Stiftinga Liatunet: Her med styremedlem Solveig Heggdal (f.v.), leiar utval for Samfunnsutvikling Arnljot Sæternes, styremedlemer Asbjørn Heggdal, Dag Vanberg, Idun Egge Nilsen, Jon Idar Hilde og avdelingsleiar kultur Ingrid Heieren Sølvberg. Styremedlem Hogne Reme var ikkje til stades under utdelinga. Foto: Sigrid Heggestad

 

Prisvinnar - Klikk for stort bileteStyremedlem i Stiftinga Liatunet og primus motor, Dag Vanberg, takka for kulturprisen som inspirerte til vidare arbeid. Han fortalde litt om starten til stiftinga, las dikt av Ragnhild Skår Nesje og avslutta med eit lite stev. Stryn kommune