Kulturprisen 2023 gjekk til Bjørg Jorunn Vinsrygg Steen

Kulturprisen vart overrekt i kommunestyret sin julemiddag etter årets siste kommunestyremøte.

Bilde av prisvinnar - Klikk for stort bileteArnljot Sæternes i utval for samfunnsutvikling, delte ut prisen til Bjørg Jorunn Vinsrygg Steen (t. v.) som takka og understreka at det er viktig å ha eit rikt kulturliv, til høgre avdelingsleiar for kultur Ingrid Heieren Sølvberg. Stryn kommune

Prismottakaren har gjort mykje for kulturlivet i Stryn gjennom heile livet. Bjørg Jorunn har vore aktiv i ulike leiarverv og vore ei drivkraft og engasjert eldsjel i ulike lag og organisasjonar, særleg knytt opp mot barn og unge. 

Som instruktør, dirigent, aktivitetsleiar, og ikkje minst som aktiv musikar og songar. Ei allsidig dame med hjarte for frivillig arbeid og kanskje eit endå større hjarte for barn og unge. 

Ho har ei lang og imponerande liste med korps, song, musikk, teater og dans på CV-en.

Tidlegare i år fekk Bjørg Jorunn Vinsrygg Steen tildelt Frivilligprisen for 2023 av Stryn Frivilligsentral. Det er både kjekt, sosialt og gjevande å drive frivillig arbeid, meinar ho. Kanskje er det nettopp difor Bjørg Jorunn har klart å halde på med så mykje i så mange år?

Prisvinnaren heldt ei fin takketale og avslutta med å syngje Jul, jul, strålande jul, akkompagnert av Stryn Musikklag i digital versjon.

Kulturprisen er ein flott skulptur i bronse laga av kunstnaren Jøran Flo, samt eit diplom.

 

Julemiddagen vart opna med Nordnorsk julesalme framført av Emma Nygaard Sætren og Anders Viktor Kvile. Stryn kommune

 

Ordførar Per Kjøllesdal ønskte alle velkomne. Stryn kommune