Kunngjering av vedtak detaljregulering Øvre Hogane

I medhald av plan- og bygningslova §12-12, har Stryn kommunestyre, i møte den 23.05.24, sak KS 028/24, eigengodkjent detaljregulering for Øvre Hogane.

Du finn alle plandokumenta på arealplaner.no

PlanID 2022003.

 

Føremålet med detaljregulering for Øvre Hogane er å legge til rette for bustadtomter, i samsvar med gjeldande kommunedelplan. Planframlegget opnar for 18 tomter for einebustadar og to område for konsentrert busetnad, der det er høve til å føre opp 8 bueiningar på kvart område. Totalt er det lagt til rette for 34 bueiningar i planområdet.