Kurs: Fortsatt foreldre

Er de foreldre og opplever utfordringar i samarbeidet etter eit samlivsbrot? Familievernkontoret i Nordfjord inviterer til kurset Fortsatt foreldre.

Kurset går over fem kurskveldar som byggjer på kvarandre. Målet er å styrkje foreldresamarbeidet og bidra til ein trygg og føreseieleg kvardag for barna. Kurset er for éin av foreldra, og den andre parten kan få tilbod om kurs ved eit seinare høve.

Tid: Tysdagar kl. 17.30–19.30 den 13., 20. og 27. oktober, samt 3. og 10. november 2026.

Stad: Familievernkontoret i Nordfjord, Lotevegen 23, Nordfjordeid.

Kursleiarar: Per-Arild Alsaker og Per Ståle Husevåg.

Påmelding og spørsmål:
E-post: familiekontoret.nordfjord@bufetat.no
Telefon: 57 86 49 90

Vi tek atterhald om nok påmelde.