Kurs i Meistring av belastning

Kurs i Mestring av Belastning - KiB, er utarbeidd for personar som ønskjer å betre evna til å meistre belastingar i arbeidsliv og privatliv.

Målgruppa er derfor alle som har ei form for belasting som medfører at dei ønskjer eller vil ha nytte av å utvikle meistringsevna si.

 

Kva som blir opplevt som belasting er individuelt

 

Belastingar som er så omfattande at ein ikkje er i stand til å meistre dei på ein måte som ein sjølv opplever som akseptabel, kan gje stressreaksjonar.

 

Desse reaksjonane kan vere:

  • Emosjonelle: fråver av humor og glede, nervøsitet, irritabilitet og motløyse
     
  • Fysiske: uro, mindre energi, overarbeid, søvnproblem, hovudpine, muskelsmerter eller mageproblem
     
  • Kognitive: bekymring, gløymsel, konsentrasjonsvanskar, tankar om eigne manglar eller avmaktskjensle, fortviling og pessimisme                         

Å lære metodar og teknikkar som kan nyttast for å betre meistring av belasting knytt til arbeids- og privatliv. Meistring handlar om det ein gjer for å handtere belastinga.

Målet med kurset  

Å lære metodar og teknikkar som kan nyttast for å betre meistring av belastning knytt til arbeids-og privatliv. Meistring handlar om det ein gjer for å handtere belastninga.


Kva går kurset ut på ?

Kurset er basert på forståing av samanhengen mellom belasting, meistring og stress. Det blir jobba med å kartlegge eigne belastingar og eigen meistrings- og tankestil. På kurset blir kognitiv teori og metodar nytta, samt at øvingar er ein viktig del av kurset.

Praktisk informasjon

Kurset blir leia av trena og godkjende kursleiarar. Kurset går over 8  gongar + 2 oppfølgingsmøter, kvar samling på 2,5 timar per veke. Det er vanlegvis 8-14 deltakarar på kvart kurs. Kursboka, Kurs i meistring av Belastning, er obligatorisk og blir brukt aktivt gjennom heile kurset.

KiB for Eid og Stryn kommune
Påmeldingsfrist måndag 10. september
Oppstart onsdag 26. september
Stad Eid Rådhus

Kursavgift

550 kr. Kaffi/te m/lett servering + kursmateriell er  inkludert
Kontakt Inger Lise Nordnes tlf 906 22 590
  Linda Hopland Bergset tlf 992 88 601

 

Informasjon om KiB
KIB er utarbeidd for vaksne som har behov for og ønskjer å betre evna til å meistre stor belasting. Dette gjeld belasting knytt til sjukemelding/attføring, arbeidssituasjon, som pårørande, helseplager eller anna belasting i privatlivet.

KIB er eit læringsorientert tiltak, utarbeidd til bruk innanfor til dømes NAV, arbeidsmarknadsbedrifter, HMS-verksemder, meistringssenter, primærhelsetenesta eller andre, for å nå målgrupper som har behov for denne typen tiltak.

Målet er at kursdeltakaren skal kartlegge eigne belastingar og eiga meistring av desse, for å vidareutvikle eigen meistringsdugleik.

Metode
Kurset er basert på kognitiv åtferdsteori og kunnskap om stress, belasting og meistring. Ein følgjer kursboka "Kurs i Mestring av Belastning - eit kurs basert på kognitiv metode".

Kursopplegget er utvikla av psykolog Trygve Arne Børve, psykiatrisk sjukepleiar Anne Nævra og professor i psykiatri Odd Steffen Dalgard.

Kursleiaropplæring er økonomisk støtta av Helsedirektoratet, og den blir gjennomført over heile landet i regi av Fagakademiet.

KiB er bra for helsa