Kven fortener Klima- og miljøprisen for landbruk på Vestlandet?
Til klima- og miljøprisen for landbruket kan du nominere nokon som har gjort ein ekstra innsats anten det siste året eller over tid, ved å formidle eller ta i bruk løysingar som er klima- og miljøvennlege. Løysingane må òg fremje naturmangfald.
30 000 kroner
Fristen for å nominere kandidatar er 11. mars, og prisen er på 30 000 kroner. Både privatpersonar og organisasjonar kan nominere kandidatar til prisen. Prisen kan gå til gardbrukarar, skogbrukarar, mindre organisasjonar, kommunar, næringsverksemder og FoU-verksemder, lag og andre former for fellestiltak og samarbeid som har vist særleg god innsats.
Prisen skal inspirere
Klima- og miljøprisen for landbruket i Vestland vert delt ut annakvart år av Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland. Målet med prisen er å auka merksemda og kunnskapen om gode klima- og miljøtiltak i landbruket. Prisen skal bidra til å framhee gode døme og inspirere til innsats vidare.
Meir informasjon om prisen og skjema som skal brukast for å nominere kandidatar
Sist endra 05.09.2024 11.18