Legekontoret brukar helsenorge.no
Du finn fastlegen din i Stryn på helsenorge.no saman med andre opplysningar frå helsesektoren.
På helsenorge.no kan du kontakte legesenteret, bestille og avbestille timar og fornye reseptar. Dei fleste fastlegane i Stryn tilbyr også e-konsultasjon på helsenorge.no. Ein e-konsultasjon kan nyttast for forhold legen kjenner til frå før og kostar det same som en vanleg legetime, men du slepp turen innom legekontoret om det ikkje er nødvendig.
For å bruke Helsenorge.no må du logge inn med BankID – du kan også laste ned ein app til telefonen for android eller iphone.
På helsenorge.no kan du også:
Helsenorge.no er ei offentleg teneste levert av Direktoratet for e-helse. No som Stryn legekontor også nyttar denne tenesta vil vi frå august ikkje lenger bruke løysingar for reseptar og timebestilling på SMS/ nett levert av Helserespons.
Sist endra 07.03.2025 13.47