Legekontoret i Vikane opna 24. mars

Legekontoret vil vere ope kvar tysdag. Kontoret er på Vikane omsorgssenter i Innvik. 

Du må bestille time for å besøke legekontoret. Ring 57 87 69 80. For at vi skal ha kontroll på besøkande til omsorgssenteret vil døra til legekontoret vere låst. Du må bruke ringeklokka på utsida når du kjem. Dersom du har luftvegssymptom skal du ikkje bruke legekontoret verken i Innvik eller Stryn.
Dei som har luftvegssymptom skal bruke beredskapstelefon koronavirus 57 87 49 29 (måndag til fredag 09-15)