Leitevegen opp til Nygård på Blakset

I morgon, torsdag 1. november, startar vedlikehald på vegen. Arbeidet vil ta minimum to veker.

Leitevegen opp til Nygård på Blakset, blir stengt pga vegvedlikehald kvardagane mellom kl 08.00 til 16.00 frå torsdag 1. november.

Vegen vil vere open utanom desse tidspunkta, og i helgane.

Ved spørsmål ta kontakt med Anders Maurset på 901 33 402.