Lokalt transporttilbod til ungdom

Lokal transport for ungdom (LTU) skal gje ungdom høve til å delta på rusfrie ungdomsarrangement i Stryn kommune. Tilbodet gjeld alle dagar i veka, for ungdom mellom 13-19 år.

Ungdommane bestiller transporten sjølve, og tek kontakt med næraste taxisentral. De opplyser ved bestilling at de ynskjer å nytta dykk av LTU i Stryn. De må oppgje kor mange de er, og kva reisa skal nyttast til.

Det må vere minimum to ungdommar som skal same retning, men det er ikkje eit krav at dei skal heim til same adresse. De må oppgje namn og telefonnummer ved bestilling. Går det buss i same tidsrom kan ein ikkje nytte dette tilbodet.

Eigenandelen er kr 50,- per person pr veg.

Ved store arrangement oppmodar vi alle om å samordne seg ved bestilling av skyss, då potten til tranporttilskot er begrensa. Dersom de veit på førehand at mange ungdommar skal på same arrangement, kan de gje beskjed til jannike.sunde@stryn.kommune.no for å bestille buss. Bussen må tingast minimum 4 dagar før arrangementet.

Transporttilbodet kan nyttast til rusfrie arrangement i regi av kommunen eller lag og foreiningar i kommunen, som er opne for alle i målgruppa. Ordninga evaluerast i mars/april, og vi tar gjerne i mot innspel til jannike.sunde@stryn.kommune.no eller ingrid.heieren@stryn.kommune.no