Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for ny søknadsrunde om straumstøtte

Søknadsfristen er 15. februar klokka 13.00. No kan du søke straumstøtte for perioden oktober til desember 2022.

Lotteri- og stiftelsestilsynet vil betale ut straumstøtte fortløpande etter dei har opna for søknadar, slik at dei som søker tidleg kan få pengane raskast mogleg.


Ordninga gjeld for:
Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 90 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen. I dei tidlegare
søknadsrundane har kompensasjonsgraden vore 80 prosent. For desember kan også Midt-Norge (NO3) og Nord-Norge (NO4) søke om støtte.

Her kan du sjå oversikt over områda som er omfatta av ordninga.

Kven kan søke?
Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunne søke, og desse organisasjonane har rett til å søke:
• Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Vi oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrere seg.

• Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret kan søke dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret,
der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.

• Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret:
Kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats meiner vi menneske som bidrar utan løn eller anna form for
økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søke om dei hovudsakleg er drivne av frivillig arbeidsinnsats. Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søke her.