Markering av 8. mai i Stryn kulturhus
Fredag 8. mai 2026 inviterer vi til høgtideleg markering av Frigjerings- og veterandagen.💐
🕕 Tid: kl. 18:00-20:00
📍 Stad: Kulturhuset i Stryn
Vi heidrar dei som kjempa for fridomen vår under andre verdskrig og alle som har delteke i internasjonale operasjonar for fred og tryggleik med denne markeringa i kulturhuset.
Ordførar Per Kjøllesdal ønskjer velkomen før det blir musikkinnslag ved kulturskulen.
Velkomen til ei viktig og meiningsfull markering med sjølvaste Roger Sevrin Bruland sitt føredrag:
Frå Balkan til Berlin - ein veteran sitt blikk på krig og krise i Europa.
Plakat med program for 8. mai som pdf-fil (PDF, 661 kB)

Sist endra 04.05.2026 08.30