Melding om dødsfall

Natt til søndag 3. juli, mottok kriseteamet melding om eit brått og uventa dødsfall i Stryn kommune.   

Avdøde er Steffen Glosvik, tilsett i skuleverket i Stryn kommune og ein aktiv ungdom i mange ulike miljø i nærområdet. Denne informasjonen er publisert i samråd med Steffen sine foreldre.

Invitasjon til samling onsdag 6. juli  på Stryn ungdomsskule.
Grunna ferietid og eit avdekka behov for informasjon og kommunikasjon blant mange berørte, inviterer kriseteamet til opa samling. 

Kriseteamet inviterer til to samlingar retta mot ulike målgrupper:

Kl 18:00              Tilsette, elevar og foreldre i grunnskulen 
Kl 19:30               Alle andre

Alle er hjarteleg velkomne. 
 

Det er viktig at born og unge, som kan ha behov for det, får snakka med vaksne om det som har skjedd. Kanskje kan du som vaksen ha nytte av å lese informasjonen på linkane under:

Råd til deg som er bekymra for nokon

Korleis snakke til barn om sjølvmord

Meir informasjon om kommunale tenester