Miljøfyrtårnet på plass på kommunesenteret

Torsdag 2. mai var det høgtideleg markering på kantina i Kommunesenteret med kommunedirektør Jon Nesje, varaordførar Sonje Øvre-Flo og Miljøfyrtårnansvarleg Eivind Evebø. Det synlege beviset på at tredje etasje i Stryn Torg er sertifisert er på plass. 

Mange tilsette møtte opp på markering av Miljøfyrtårnsertifisering og feiring av 20-års jubileum for Stryn kommune sine lokale i Stryn Torg. 

Stryn kommunesenter har blitt sertifisert og godkjent som Miljøfyrtårn. Dette inneber at vi oppfyller ei rekke strenge kriterium innan avfall/ombruk, energi, innkjøp, transport og arbeidsmiljø. Miljøfyrtårn er rett og slett eit verktøy for å konkretisere klima, miljø og berekraftarbeidet og setje det i system. Diplomet vi mottok er eit symbol på at vi har gjort nettopp det og er klare for å arbeide med konkrete tiltak for å redusere vårt eige klimafotavtrykk, som er det overordna målet med Miljøfyrtårnsertifiseringa.

Det er viktig å understreke at det er Stryn kommunesenter (3. etasje i Tonningsgata 4) som er sertifisert, ikkje heile Stryn kommune. At kommunesenteret er sertifisert er ein føresetnad når vi sertifiserast etter hovudkontormodellen, slik at vi kan gå vidare med sertifiseringa av andre kommunale einingar, noko vi allereie er i gong med. Det er eit viktig første steg i prosessen, og på sikt er målet å sertifisere alle kommunale einingar. 

Å vere Miljøfyrtårn inneber systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen og vi håpar alle er positivt innstilt på å gjere ein innsats for å dreie Stryn kommune i ei grønare retning. 

 

Frå venstre: Miljøfyrtårnansvarleg Eivind Evebø, varaordførar Sonja Øvre-Flo og kommunedirektør Jon Nesje. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Miljøfyrtårnansvarleg Eivind Evebø, varaordførar Sonja Øvre-Flo og kommunedirektør Jon Nesje.