Møte i ungdomsrådet

Det nye ungdomsrådet hadde i dag sitt andre formelle møte dette skuleåret.  

Ungdomsrådet 2023. - Klikk for stort bileteStryn ungdomsråd: Frå venstre leiar Mathias Loen, Ola Holmlund Ørjaseter, Oddmund Otterdal, nestleiar Espen Olsbø Muldsvor, Namima Mohamed Ahmed, Telma Nyberg, Natasha Piwko og Vilde Vangberg. Sofia Fredlund var ikkje tilstades. Foto Stryn kommune

 

På første møtet var det opplæring i kva ein gjer i eit ungdomsråd og praktisk informasjon ved rådgjevar og ungdomskontakt Jannike Sunde. 


Denne gongen var tema for møtet:

  1. Rangering av Bufdir-midlar
  2. Presentasjon av to som arbeider for barn og unge i Stryn kommune: 
    Monica Beate Hesjedal Myklebust og Maria Ulvedal
  3. Stryn kommune sin samfunnsplan og medverknad
     

Ungdomsrådet ønskjer også å lage ei fysisk og ei digital forslagskasse der barn og unge kan kome med innspel om kva ungdomsrådet skal jobbe med.