Møteplass Sogn og Fjordane - ein læringsarena for pårørande og fagpersonar
MØTEPLASS er ein arena for dialog og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk. Her kan pårørande dele sine erfaringar, og fagfolk få verdifull innsikt i korleis dei kan forbetre tenestene. Målet er å styrke samarbeidet og skape betre kvardag for alle involverte. Stryn og Stad kommune, Helse Førde og LPP Sogn og Fjordane er ansvarlege for arrangementet.
Kvifor delta?
For pårørande:
• Auke kunnskapen om hjelpetilbod
• Dele erfaringane dine og få støtte
• Medverke til kvalitetsforbetring
• Møte andre i liknande situasjon
For fagfolk:
• Få innsikt i pårørande sitt perspektiv
• Reflektere over eigen praksis
• Bygge nettverk på tvers av tenester
Dato: Tysdag 8. april 2025
Tid: Pårørande: kl. 18.00–20.15
Fagfolk: kl. 17.30–21.00
Tema: Når utanforskap fører til helseutfordringar
Stad: Rådhuset på Nordfjordeid, 2. etg. kantina/Kommunestyresalen
Påmelding og ev. spørsmål
Kristin Heimlid Øiestad tlf: 92 62 10 76
LPP Sogn og Fjordane: tlf. 901 38 982
sognogfjordane@lpp.no
Landsforeningen for Pårørande innan Psykisk helse

Sist endra 14.03.2025 11.27