Mottak av masser og bakkeplanering

Mottak av masser og bakkeplanering av litt størrelse er søknadspliktig.

Bakkeplanering

Bakkeplanering er arbeidet med å gjere brattlendt eller kupert dyrka areal betre skikka for maskinell jordbruksdrift. Det er å rekne som planering dersom det blir flytta masser som omfattar eit dekar eller større.
Før arbeidet vert sett igang må du avklare med kommunen om det er nødvendig med søknad. Anlegg må vere innretta slik at det ikkje oppstår forureining, skader på naturmangfald, kulturminne eller kulturlandskap. Arbeid med bakkeplanering skal følgje Tekniske retningsliner for anlegg, drift og vedlikehald av planeringsfelt og vert handsama etter forskrift om ureining. 

Mottak av masser

Mottak av masser av noko omfang krev kommunal handsaming. Planlegg du å ta i mot masser skal kommunen ha søknad i forkant. Påfylling av over tre meter reine masser for utbetring av jordbrukareal i LNF-område* vert handsama etter Plan og bygningslova.  

Søknad

Det føreligg ikkje noko eige søknadsskjema for mottak av masser, men ein søknad om mottak skal innehalde:

  • Generell omtale av prosjektet
  • Kart over arealet, storleik kring 1: 1000 - 2500, som viser kvar massane skal tilførast. Omtale av arealet p.t. og planlagt bruk etterpå
  • Profil/snitt for området ved ferdig prosjekt
  • Mengde (tal kubikkmeter)
  • Kva type masser det er snakk om og kvar dei kjem frå
  • Kven som er ansvarleg for gjennomføring av prosjektet
  • Ev. korleis skal massene transporterast, veg tilhøve, naboar, andre tilhøve av betydning for prosjektet

Skal massene plasserast på areal registrert som innmarksbeite, utmark /skog, krevst søknad om nydyrking.

Ved gjenbruk av mindre mengder med masser t. d. frå utbygging av tomt på eigen eigedom, eller tiltak som er under 1 daa gjeld oftast ikkje søknadsplikt. Er du i tvil kontakt kommunen.

Det er ingen søknadsfrist. Søknadar vil bli behandla fortløpande. 

Send søknad på e-post

Eigar og brukar av areal som er eller blir planert eller tilført masser er ansvarleg for at regelverk og retningslinjer vert følgt. 

Lovverk og retningslinjer

Ureiningslova, kapittel 4
Rettleiar for drift og vedlikehald av planering, lukkingsanlegg og anlegg for kontroll av overflatevatn
Kulturminnelova
Jordlova

 

* LNF-område: Landbruks-, natur- og friluftsområde