Mykje anleggsaktivitet i Loen-Solvik

Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunen og Vestland fylkeskommune. Fylkeskommunen står for bygging av gang- og sykkelvegen (GSV) frå Loen Skylift til Solvik, og Stryn kommune står for bygging av ny kommunal tilkomstveg frå Solvik til Leitekvia, samt bygging av vegar og infrastruktur til Solvik bustadfelt.

Bilde av tilkomstveg til Leitekvia. - Klikk for stort bileteTilkomstveg til Leitekvia. Stryn kommune

 

Bilde av gang og sykkelveg. - Klikk for stort bileteGang og sykkelveg. Stryn kommune Illustrasjon av vegen og området. - Klikk for stort bilete

 

Området langs fylkesvegen frå Loen Skylift og 1 km i retning Solvik har opna seg og ein ser no korleis GSV vil verte. Mykje skog, lausmasser og fjell er teke ut og det har blitt etablert ein god del muringar langs vegen. Framdrifta går etter planen og GSV er planlagt ferdig til 1.juli 2024.

Tilkomstvegen som vil verte den nye vegen til Rake og Oppheim er under bygging. Det foregår skoging i området og uttrauing for ny veg er utført nedanfor høgspentlinja. Den skal leggast i kabel i den nye vegen. 

I kontrakta med entreprenør, som er Volda maskin AS, er det også med opparbeiding av Solvik bustadfelt. Etter planen  skal heile prosjektet være ferdig til sommaren 2025 og det blir då klart eit kommunalt bustadfelt her med 21 einebustadtomter og 3 større tomter for konsentrert bebyggelse.

Dette blir tomter med fantastisk utsikt og som ligg svært solrikt til. Forståeleg at plassen har fått namnet Solvik.