Når kan eg brenne bål?

Lurer du på kva reglar som gjeld for utandørs brenning? Her er gode råd for bålbrenning og anna bruk av eld ute.


 

Den enkelte står ansvarleg for bålbrenninga. Skal du brenne eit større bål, meld gjerne frå 2-3 dagar før på epost: postmottak@stryn.kommune.no
Hugs at epost ikkje blir lesen i helga.

Ved store bål meld frå på førehand til brannvakta tlf 917 21 631.

Mellom 15. april og 15. september er det forbode å gjere opp eld nær skog og i all anna utmark utan løyve frå kommunen. Då er faren for å forårsake gras- og skogbrannar større enn elles i året. Det er likevel lov å gjere opp eld der det absolutt ikkje kan medføre brann.

I perioden 16. september til 14. april er faren for å forårsake gras- og skogbrannar normalt ikkje så stor. Då er det igjen lov å gjere opp små bål ute i naturen, uten å spørje brannvesenet.
 

I Stryn kommune er det lov med:

  • Open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål
  • Brenning av avfallstrevirke, med unntak av rivingsavfall og impregnert og måla trevirke
  • Brenning av Jonsokbål og Olsokbål
  • Ranke- og flatebrenning i landbruket i god avstand til tettbygde strok
  • Kulturarrangement med vardebrenning eller liknande
  • Brenning av tørt hageavfall i god avstand til tettbygde strok
     

Kva skal du passe på når du brenner bål?

Ved all brenning må du vere forsiktig. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind. § 3 i forskrifta seier at det er generelle krav til aktsomheit. Kvar enkelt person pliktar å vise aktsomheit ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann. Det er forbode å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstander utandørs under slike forhold, eller på en slik måte, at det kan føre til brann. 

Her er nokre retningsliner:

  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale
  • Hald bålet under oppsyn og kontroll
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet og at dei ikkje er kledd i lettantenneleg tøy
  • Slokk alltid bålet forsvarleg med rikeleg mengder vatn. Finst det ikkje vatn på staden, må du ta med.
  • Hugs at all bålbrenning skjer på eige ansvar

  • Ver svært varsom med bruk av eingangsgrill. Den er ofte grunnen til gras- og skogbrannar. Plasser aldri eingangsgrillen på brennbart underlag og slokk den heilt etter bruk.

 

Stryn kommunestyre vedtok 18. desember 2014 forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

Les forskrift for Stryn kommune om open brenning og brenning i småomnar