No kan du sjølv oppdatere opplysningar om eigedommen din i matrikkelen

No kan alle eigarar og festarar av bustadar og/ eller fritidsbustader sjølve registrere og oppdatere opplysningar om eigedommen sin i matrikkelen hos Kartverket. Ved å kontrollere og supplere opplysningane bidreg du til eit meir korrekt eigedomsregister.

Alle eigarar og festarar av bustader eller fritidsbustader i Norge kan no sjølve registrere opplysningar i matrikkelen hos Kartverket. Matrikkelen er det nasjonale registeret over norske eigedommar. Her finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigarforhold.

 

Kvifor er dette viktig?

Opplysningane i matrikkelen blir brukte dagleg av innbyggjarar, næringsliv og offentlege styresmakter. Kommunane registrerer eigedomsopplysningar som ein del av saksbehandlinga si, men fordi registreringsrutinane har variert over tid, kan enkelte opplysningar vere mangelfulle eller utdaterte.

Ved å registrere eller oppdatere opplysningar om bustaden eller fritidsbustaden din, bidreg du til eit meir korrekt eigedomsregister. Korrekte opplysningar kan mellom anna gi betre grunnlag for lån, forsikring, skattar og avgifter. Samstundes får nødetatar, planleggjarar og andre offentlege og private aktørar tilgang til meir presise data. Det kjem både deg og lokalsamfunnet til gode.

 

Slik gjer du

Du kan registrere opplysningar om byggjeår, vatn og avløp, energikjelde, oppvarming og bruksareal. Opplysningane finn du ofte i salsoppgåver, kommunale vedtak og takstrapportar, eller gjennom eigen kjennskap til eigedommen.

Eigenregistreringa er frivillig og skjer gjennom ei sikker sjølvbeteningsløysing frå Kartverket. Du treng ikkje laste opp dokumentasjon.

1. Gå til Eigedomsregisteret hos Kartverket

2. Logg deg inn med ID-porten og kontroller opplysningane som allereie er registrerte

3. Registrer eller korriger opplysningar der det er nødvendig

4. Oppdater opplysningane dersom forholda på eigedommen endrar seg

Opplysningane du registrerer, vil ikkje erstatte informasjon som kommunen allereie har registrert. Dei blir viste parallelt med dei offentleg registrerte opplysningane og kan nyttast av både offentlege og private verksemder.

 

Kven kan du kontakte?

Har du spørsmål om innlogging eller bruk av løysinga? Kontakt Kartverket

Dersom du oppdagar feil eller manglar i dei offentleg registrerte opplysningane om eigedommen din, må du kontakte kommunen for å få dette retta.

Send e-post til postmottak@stryn.kommune.no
eller ring Stryn kommune på telefon 57 87 47 00. 

For meir informasjon om eigenregistrering, sjå Kartverket si informasjonsside: 
Stemmer opplysningene om boligen din?