No kan frivillige organisasjonar søkje momskompensasjon

Frivillige organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon for 2026. Ordninga skal bidra til å fremje frivillig aktivitet ved å kompensere organisasjonane for meirverdiavgift på varer og tenester. Søknadsfristen er 1. september.

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026.

Føremålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å kompensere for kostnader frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

For å kunne søkje må organisasjonen vere registrert i Frivillighetsregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda.

Søknadsfristen er 1. september 2026.

Det kan søkjast etter to modellar. Minstegrensa for å søkje etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag. For dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnadar. 
Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søkje gjennom sentralledd.


Organisasjonar som er knytte til eit sentralledd (til dømes Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal sende søknaden via sentralleddet. Dei har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn fristen til Lotteri- og stiftelsestilsynet.

For søknadsrunden i 2026 gjeld nytt regelverk. 

 

Lotteri og stiftelsestilsynet om Momskompensasjon for frivillige organisasjonar