Nordfjord og Stryn tildelt Merket for berekraftig reisemål

Onsdag 24. september vart Nordfjord offisielt tildelt Merket for berekraftig reisemål – eit kvalitetsstempel frå Innovasjon Norge for langsiktig innsats for å ta vare på natur, kultur, miljø og lokalsamfunn.

Bak tildelinga stod eit breitt samarbeid mellom kommunane Stryn, Gloppen, Bremanger og Stad, Visit Nordfjord, reiselivet og innbyggjarane. Arbeidet starta i 2022.

– Dette er meir enn eit diplom – det er eit ansvar. Vi skal utvikle reiselivet på naturen og lokalsamfunnet sine premissar, heile året, sa Benedicte Willand Elsrud, dagleg leiar i Visit Nordfjord.

 

Høg poengsum og beste praksis

Nordfjord oppnådde 172 av 198 moglege poeng. Tre tiltak vart særleg trekt fram som gode døme:

  • Produktkatalog for natur- og kulturarv
  • Den samlande merkevara Nordfjord
  • Målretta arbeid med cruise og berekraftige løysingar
     

Felles innsats for framtida

Arbeidet er bygd på Masterplan for reiselivet i Nordfjord, med tydelege mål: Høgare lokal verdiskaping, lågare klimautslepp og betre opplevingar for både gjester og fastbuande. Prosessen har vore breitt forankra gjennom konferansar, samarbeid med næringsliv og frivillig sektor, og vedtak i alle kommunane.

– Denne merksemda er eit bevis på at samarbeid nyttar. Vi har vist at små og store aktørar, offentleg og privat, kan dra i same retning når vi har ein felles plan. Nordfjord skal vere ein god stad å bu – og ein god stad å besøkje, seier Jon B. Nesje, kommunedirektør i Stryn og leiar av destinasjonsleiinga.

 

Vidare arbeid og forbetring

Merket krev at destinasjonen dokumenterer framgang og blir vurdert på nytt kvart tredje år. Det betyr at Nordfjord skal halde trykket oppe på dei største utfordringane:

  • Redusere klimautslepp frå transport og cruise
  • Styrkje innbyggjarinvolvering og gjesteadferd
  • Balansere mellom vekst, lokalsamfunn og naturen sine tolegrenser


- Vi er stolte i dag, men vi veit at arbeidet berre så vidt har starta. Merket for berekraftig reisemål gjev oss retning, ansvar og motivasjon for dei neste åra, seier Elisabeth Birkeland Hatlenes, rådgjevar i Samarbeid i Nordfjord.

 

Visit Nordfjord om Merket for berekraftig reisemål og Masterplan for Nordfjord