Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i ei veke.


Det er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.
 

Sjølv om Noreg er eit trygt og stabilt land med god beredskap, er det nødvendig at også kvar enkelt innbyggjar er i stand til å ta vare på seg sjølv og dei rundt seg ved kriser. Dersom vi blir råka av større kriser som rører mange menneske – og gjer at viktige tenester ikkje fungerer som normalt – kan ikkje alle få hjelp med ein gong.

Eigenberedskap handlar om å vere førebudd dersom store kriser råkar oss. Nokre døme på slike kriser kan vere ekstremvêr, langvarige straumbrot, pandemiar, dataåtak, sabotasje, ulukker og krigshandlingar.


På dsb.no/egenberedskap finn du mange gode råd om korleis du kan styrkje di eiga beredskap.
 

Dei to aller viktigaste tinga du bør ha er:
• Drikkevatn – vi tilrår om lag 20 liter per person
• Ein plan for å halde varmen dersom straumen går
 

Fakta om Eigenberedskapsveka