Ny kommunal gebyrordning tilsyn spreidde avløp

Stryn kommune har vedteke lokal Forskrift om gebyr for tilsyn med spreidde avløp.  Kommunestyret vedtok forskrifta 23.05.2024 og forskrifta gjeld frå 1. januar 2024.  Alle eigedomar i Stryn kommune som har eit privat avløpsanlegg skal betale tilsynsgebyret.

Gebyret
Beløpet blir fordelt på faktura gjennom året.  I utgangspunktet fordelt på 4 terminar.  Har du månadleg faktura vil gebyret bli fordelt på 12 terminar.  For 2024 er tilsynsgebyret på kr. 567,- pr. anlegg pr år.

Kommunen har ansvar for tilsyn
Kommunane er forurensingsmyndighet for avløpsanlegg mindre enn 50 PE (kap. 12 anlegg) ,  og er difor lovpålagt å føre tilsyn slik at desse anlegga ikkje medfører fare for forurensing, og at anlegga held alle krav i lokal forskrift om små avløpsanlegg. Gebyret er med på å finansiere arbeidet med opprydding i spredt avløp, samt tilsyn og kartlegging av avløpsanlegg i kommunen.

Kommunestyret sitt vedak om tilsynsgebyr for spreidde avløp (PDF, 121 kB)

Forskrift om gebyr for tilsyn med spreidde avløp og gebyr for handsaming av utsleppsløyve Stryn kommune Vestland (L)(529687) (PDF, 100 kB)