Ny retning for omsorg i Stryn kommune

Stryn kommunestyre har samrøystes vedteke ein ny plan for omsorgsbygg og omsorgstenester fram mot 2045. Planen legg opp til fleire omsorgsbustader, fleire institusjonsplassar gjennom ombygging av eksisterande bygg og styrking av aktivitetstilbod og rehabiliteringstilbod for eldre. Målet er å møte eit aukande omsorgsbehov med berekraftige og framtidsretta løysingar.

Omsorgsbygg i Stryn kommune

Stryn kommunestyre har vedteke ein ny plan for omsorgstenestene fram mot 2045. Vedtaket var samrøystes, og gir ei tydeleg retning for korleis kommunen skal møte auka behov i åra som kjem.

 

Satsar sterkare på omsorgsbustader

Ein hovuddel av vedtaket er ei tydeleg satsing på omsorgsbustadar. Kommunen vil byggje ut fleire bustadar i tilknyting til omsorgssentra, slik at fleire kan bu trygt og sjølvstendig lengst mogleg. Totalt ligg det an til ein betydeleg auke frå dagens nivå. 

Desse bustadane skal i større grad samlast, med nærleik til tenester og sosiale møteplassar.

 

Fleire institusjonsplassar – innan eksisterande bygg

Samtidig vedtok kommunestyret å auke talet på institusjonsplassar – både i Stryn sentrum og i Vikane. I alternativet som no er valt, vert det lagt opp til omlag 100 langtidsplassar totalt i kommunen.

All auke i institusjonsplassar skal skje gjennom ombygging og betre utnytting av dagens omsorgsbygg – ikkje nye store institusjonsbygg. 

Dette skal gi meir effektiv drift og betre utnytting av ressursane.

 

Går bort frå heildøgns omsorgsbustader (HDO)

Eit viktig og tydeleg grep i vedtaket er at kommunen planlegg å gå bort frå bruk av heildøgns omsorgsbustader (HDO) i eldreomsorga. I dag er avdelingane Symra og Kvisten definert som HDO.

I staden skal ein satse på:

  • ordinære omsorgsbustadar for dei som kan bu meir sjølvstendig
  • institusjonsplassar for dei som har større behov

Dette gir eit klarare skilje i tilbodet og meir føreseielege tenester.

 

Nye aktivitetsbygg og dagsenter

Planen inneheld også ei styrking av dagtilbodet.

Både i Stryn og Vikane er det planlagt eigne aktivitetsbygg i tilknyting til omsorgssentra. Desse skal mellom anna innehalde:

  • dagsenter
  • aktivitetstilbod
  • møteplassar for eldre

Målet er å førebygge einsemd og gi eit betre tilbod før behovet for institusjon oppstår.

 

Ny rehabiliteringsavdeling i Stryn

Kommunen ønskjer å etablere ei eiga rehabiliteringsavdeling ved Stryn omsorgssenter.

Bakgrunnen er at denne pasientgruppa har behov for eit meir spesialisert tilbod, skilt frå langtidsplassane. Dette er eit tilbod kommunen ikkje har i dag.

Ei slik avdeling skal bidra til betre opptrening og oppfølging, og gjere det mogleg for fleire å kome tilbake til eigen bustad etter sjukdom eller opphald.

 

Neste steg

Vedtaket betyr at kommunen no går vidare med neste fase i prosjektet, der løysingane skal planleggast meir konkret i eit såkalla "skisseprosjekt". 

Utbygginga skal skje steg for steg over fleire år. I denne prosessen vil tett samarbeid med Husbanken vere viktig, både for å utvikle gode prosjekt og for å finne løysingar som gjer det mogleg å realisere fleire omsorgsbustader.

 

Dette vedtok kommunestyret 16. juni

Stryn kommunestyre tek utgreiinga «Omsorgsbygg Stryn kommune – fase 1 og 2» til orientering.

Kommunestyret sluttar seg til hovudretninga i utgreiinga, og legg forslag 2 til grunn for vidare utvikling av omsorgsstruktur og omsorgsbygg i Stryn kommune.

Kommunestyret legg til grunn at vidare arbeid skal gå over i fase 3 (skisseprosjekt), med sikte på å konkretisere løysingar, byggetrinn og framdrift for prosjektet.

Resultatet frå skisseprosjektet skal leggjast fram for politisk behandling før det vert teke stilling til vidare gjennomføring.

Kommunestyret legg til grunn at arealet der Tonning barnehage ligg i dag på sikt vert nytta til omsorgsformål.

 

Kommunestyret ber om at det vert gjennomført ei utgreiing av barnehagebehovet i Stryn sentrum, som grunnlag for vidare handtering av Tonning barnehage og framdrift i omsorgsprosjektet. Som del av dette arbeidet bør det òg vurderast behov for ei meir heilskapleg gjennomgang av barnehagestrukturen i kommunen.

 

Arbeidet med barnehagestrukturen skal gjennomførast som eiga sak, skilt frå omsorgsprosjektet.

 

Rapport helsefagleg vurdering Stryn kommune (PDF, 2 MB)
 

Omsorgsbygg Stryn kommune rapport fase 1 og 2 (PDF, 3 MB)