Nye karantenereglar for Stryn kommune

For å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å halde i hevd naudsynte helse- og omsorgstenester gjer kommuneoverlegen i Stryn kommune søndag 15.03.20 følgjande vedtak, etter smittevernloven § 4-1 femte ledd: 

 

Karantenereglane gjeld for den som har vore på reise, ikkje for heile husstanden.

1) alle som kjem til Stryn kommune etter reiser i områda som synt i punkt 3, vert pålagd heimekarantene i 14 dagar etter ankomst.

2) For personer som utvikler sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei til einkvar tid gjeldande føringane til styresmaktene for konvertering av karantene til isolasjon.

3) Vedtaket gjeld per 15.03.20 følgjande område: Fylkene Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, det geografiske området som tilsvarer tidlegare Hordaland og det geografiske området som tilsvarer tidlegare Sør-Trøndelag.

Transittopphald på flyplass i desse områda, og direkte heimkøyring i eigen bil frå flyplass i desse områda vert ikkje rekna som som opphold i området.

Vedtaket vert gitt tilbakeverkande kraft frå og med 12.mars.

Reisande som ikkje har symptom kan reise til planlagd oppholdsstad, men skal under reisen så langt det lar seg gjere halde avstand til andre.

Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering, og kan ikkje nytte offentleg transport.

Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjoner vert gitt adgang til å gjere unntak for eige symptomfritt nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjoner. Vedtaket har verknad frå 15.03.2020 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.

 

https://helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon