Nytt smittetilfelle oppdatering 31. januar kl 23:00

Nytt smittetilfelle etter obligatorisk test ved grensepassering.

Ein person buande i Stryn har testa positivt på koronavirus etter obligatorisk test teke ved grensepassering. Personen er sett i isolasjon. Det er ingen andre nærkontakter enn husstandmedlemmar som også var i reisefølgjet. Desse er no sett  i karantene. Dei har ikkje vore i kontakt med andre etter at dei kom tilbake til kommunen.