Oldedalsvegen

Vestland fylkeskommune seier at det framleis er ustabile masse i Oldedalen - kan bli aktuelt å stenge vegen ved nedbør.

Dei siste dagane har det kome fleire jordskred på fylkesveg 5724 ved Strand i Oldedalen.

Vestland fylkeskommune vurderer no ulike tiltak for å sikre vegfarande:

Vi vurderer no ulike tiltak for å hindre at skredmassene når vegen, og det kan bli aktuelt å stenge vegen når det er meldt nedbør. Ein geolog har vore på synfaring i området , og vi veit meir om løsnepunkt for skredet og grunnforholda når han har gått igjennom sine funn, seier Sande.

– Vi kjem attende med meir informasjon  når geologen har levert sin rapport. Inntil då jobbar vi med å få fram ei liste over moglege strakstiltak.

Fylkeskommunen er også i dialog med Stryn kommune for å sjå på korleis ein best kan sikre beredskap og varsling til innbyggjarane i Oldedalen.

Følg 175.no for oppdaterte trafikkmeldingar