Om jodtablettar

Stryn kommune har rutine for lagring og utdeling av jodtablettar til å dekke barn og unge under 18 år, gravide og ammande ved ei eventuell atomkrise. Det er ikkje anledning å hente ut jodtablettar frå kommunalt lager som førebyggande tiltak.

Dersom du ønskjer å ha jodtablettar lagra heime må du kjøpe sjølv. Jodtablettar kjøper du reseptfritt på apoteket.
Dersom det blir eit radioaktivt utslepp, kan jodtablettar vere eit av tiltaka som myndigheitene anbefaler. Jodtablettar skal berre takast etter råd gitt frå styresmaktene.

Generelt råd om heimelagring av jodtablettar for alle under 40 år
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) tilrår, uavhengig av situasjonen i Ukraina, at alle under 40 år har jodtablettar lagra heime. Den viktigaste årsaka til rådet er at reaktordrivne utbåtar og isbrytarar jamleg seglar langs norskekysten. Viss det skulle skje eit alvorleg uhell med ein av dei, kan det verte aktuelt å gi råd om å ta jodtablettar.

Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland om jodtablettar og krigen i Ukraina