Om testkapasitet, karantenereglar og kvifor ein ikkje testar alle med symptom på forkjøling

Smittevernlege i Stryn, Marius Solbakken, har oppsummert status for korona-epidemien og korleis vi må innrette oss framover og følge smittevernreglane.
15. april er 100 personar i Stryn testa for koronavirus. Av desse har 13 testa positivt for Covid-19. I perioden med korona er 2 innlagt på sjukehus. Per i dag er 12 av dei 13 personene med stadfesta koronasmitte friskmelde.

Begrensa analysekapasitet
Det var særs begrensa analysekapasitet i Helse Førde rett før påske, og vi måtte dirfor prioritere nøye kven som kunne testast. Kapasiteten til Helse Førde har bedra seg no, men det er framleis internasjonal mangel på analyseutstyr og Folkehelseinstituttet sine prioriteringar for testing må følgast.

Smittesituasjonen i Stryn
Så langt i utbruddet har korona-viruset kun vore påvist hos om lag 5% av dei som er testa nasjonalt. I Stryn har 13% av dei testa fått påvist koronaviruset. I mindre kommunar vil variasjonen vere stor, då relativt få endringar vil gje store utslag på prosenten. Vi har ikke påvist smitte i Stryn utan at vi kjenner til smittekjelda. I ein periode der det er internasjonal mangel på analysekapasitet, er talet på innleggingar på sjukehus den beste indikasjonen på smittesituasjonen i ein region.

Vi følger situasjonen tett og gjer fortløpande vurderingar. Vi trur det er stor sannsynlegheit for at det er fleire som har vore smitta i Stryn, enn det vi har fått registrert som smitta gjennom testing. Dette gjeld i heile landet, og det er difor vi har karantenereglar og andre smittevernstiltak.

Prioriterte indikasjoner for testing av covid-19 per 15. april
Folkehelseinstituttet tilrår at det blir utført test for SARS-CoV2 på personar med akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller tung pust, personar som blir vurdert av lege som mistenkt covid-19, i prioritert rekkefølge:

  1. Pasientar med behov for innlegging i sjukehus
  2. Pasientar/ bebuarar i helseinstitusjonar 
  3. Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid
  4. Personar over 65 år som har underliggande, kronisk sjukdom
  5. Person som har vore i nærkontakt med eit stadfesta tilfelle av covid-19

I periodar med lav analysekapasitet på sjukehusa i regionen må ein prioritere gruppene slik dei er skildra over. Dei testane det er analysekapasitet til, må reserverast til dei med klar nytte av sjølve testen, enten fordi legane treng å vite dette i forhold til behandling, eller fordi vedkomande er kritisk personell (til dømes helsepersonell), og må ha høve til å gå på arbeid sjølv om ein har lette forkjølelsessymptom.

WHO oppfordrar til at alle som har akutt luftvegsinfeksjon med feber og hoste, eller dei som er kortpusta blir vurdert for testing, såframt symptoma ikkje har ei anna kjend årsak. Utbredt testing etter desse kriteria ville gitt eit betre bilde av forekomst av mildare infeksjonar. Det er likevel mange i landet som har luftvegsinfeksjon av ulike årsaker. På grunn av klare begrensningar i analysekapasitet på laboratoria og begrensa tilgang til smittevernutstyr, må innsatsen målrettast slik at vi både bremsar epidemien og sikrar oss at vi får testa dei det er aller viktigst å nå. Ein jobber internasjonalt og nasjonalt for å betre testkapasiteten. Stryn kommune er førebudd på å teste langt fleire når den nasjonale analysekapasiteten er betra  

Har du symptom men ikkje tilhøyrer den prioriterte gruppa for testing?
Personar med symptom på akutt luftvegsinfeksjon som ikkje tilhøyrer nokon av gruppene over, blir vanlegvis ikkje tilbydd test for koronavirus. Dei bør halde seg heime til eitt døgn etter at dei er blitt symptomfrie.
I husstanden bør dei halde avstand og vere nøye med hygiene for å unngå å smitte dei andre i husstanden. Husstandsmedlemmene blir ikkje sett i karantene, men bør følge med på eiga helse. Ved symptom skal dei også halde seg heime til eit døgn etter at ein ikkje har symptom. Dei fleste som blir smitta av koronaviruset får milde symptom, som verken treng medisin eller undersøking hos lege.

Ring beredskapstelefonen for koronavirus 57 87 49 29
Ein skal derimot ikkje vere redd for å ringe smitteberedskapstelefonen i Stryn dersom ein er usikker, det er difor vi er her. Det er ingen som blir avvist hos, men det er mange som blir vurdert å ikkje ha behov av test for koronaviruset, fordi det ikkje vil utgjere nokon skilnad for vedkomande eller smitterisikoen. Vi bryr oss om alle som ringjer, og tek alle på alvor.

Det er no jobben verkeleg startar
Dei neste vekene, når blant anna barnehager og skular opnar, blir det spesielt viktig at personar med symptom på akutt luftvegsinfeksjon held seg heime i karantene. På den måten kan vi halde hjula i gang i samfunnet, og samtidig sørge for lav smittespreiing. Då vil vi kunne handtere smitta på ein god og hensiktsmessig måte. Det er også viktig å få fram at det er og har vore, god kapasitet i helsetenesta under epidemien. Det er særs viktig for mange med fysiske og psykiske helseplager, at samfunnet forsiktig kan opnast opp att. Samtidig skal vi ha stor respekt for dei som er i risikogruppene, og opplever usikkerheit og redsel i samband med dette. På mange måtar er det no jobben verkeleg startar. I lang tid framover må vi alle leve liva våre på ein annan måte enn det vi gjorde før epidemien.

Smittevernrutinar er felles dugnadsarbeid
Dersom vi alle ilag som samfunn klarar å oppretthalde gode smittevernrutinar i kvardagen framover kan vi lære oss å leve med denne utfordrande situasjonen på ein god måte. Alt tyder på at vi må venne oss til dette i lang tid. Klarer vi dette kan vi finne ein balanse som gjer at vi tek vare på både dei som er i risikogruppene og alle dei andre som er avhengig av eit samfunn og ei helseteneste som fungerer mest muleg normalt.

Smittevernlegen anbefaler derfor sterkt at ein dei neste vekene er ekstra nøye med smitteverntiltak som hyppig handvask, hostehygiene, avstand til andre, og at ein held seg heime ved luftvegssymptom.