Område ved Robjørgane er foreslege som opplæringsstad for snøskuter

Område for obligatorisk opplæring for snøskuter skal fastsetjast av Statsforvaltaren etter forslag frå kommunane. Stryn kommune har foreslått øvingsområde ved Robjørgane, vest for Stryn sentrum.

Sakshandsaminga skal følgje reglane for forskrifter i forvaltningslova. Det er eit mål at det ikkje skal vere fleire øvingsområde enn naudsynt, difor må heile fylket sjåast under eitt både når det gjeld talet område og lokalisering. Det er i dag eit opplæringsområde i Vestland som ligg i Voss herad.  

Føremålet med å opprette eit nytt område for obligatorisk opplæring i snøskuter og konsekvensane av forslaget til forskrift er nærare omtala i høyringsnotatet som er utarbeida av Stryn kommune.  

Høyringsfrist er 30. november 2024

Du kan sende merknader til forslaget som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no
eller brev til Statsforvaltaren i Vestland ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. 

 

Lenkje til Statsforvaltaren i Vestland si side med informasjon og dokument

 

Kart over plassering - Klikk for stort bilete