Ope møte om Singerheimen 15.oktober

Det er stort engasjement rundt Singerheimen i Olden og framtida til eigedomen. No inviterer Sogn og Fjordane fylkeskommune til ope møte.

Sogn og Fjordane fylkeskommune varsla i vår oppstart av fredingssak for eigedomen for å bidra til å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane i anlegget. Samstundes undersøkjer styret og stiftarane av Singerheimen ulike driftsmoglegheiter, mellom anna om anlegget kan drivast som ein del av Musea i Sogn og Fjordane. 

 

 

 

 

Involverer innbyggjarane

Singerheimen er eit anlegg med svært høge kulturhistoriske verdiar. Både fylkeskommunen og andre aktørar arbeider no med korleis vi kan drifte anlegget på best mogleg måte. Det er i samband med dette at vi no inviterer til eit ope møte 15. oktober kl. 18.00–20.00. Møtet vert i storsalen på eldresenteret i Olden.

Møtet er kome i stand både for å informere om dei ulike prosessane som er sette i gang og for å få innspel frå innbyggjarane i Olden. Desse deltek for å informere om arbeidet med og engasjementet for Singerheimen:

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Styret i Stiftinga Singerheimen
  • Musea i Sogn og Fjordane

Meir informasjon om Singerheimen